Hopp til innhold

Ein månad utan sauedrap

Det har no gått over ein månad sidan bjørnen i Sogn tok livet av sauer. Mange fagfolk meiner rovdyret har vandra over grensa til Oppland igjen, og at han kjem til å overvintre der.

Leiar i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk, føler seg ikkje sikker på det, og han vil vente enno ei stund før han føler seg trygg på at bjørnen har reist frå fylket for godt.

Den mykje omtalte bjørnen tok i sommar livet av over 15 sauer i Sogn.