Hopp til innhold

Helge Brekke fekk pris

Helge Brekke, som opphavleg er frå Vik, fekk i dag Frivillighetsprisen for sitt mangeårige arbeid med Knarvikmila.

Han fekk prisen av organisasjonen Frivillighet Norge, og prisen vart overrekt av kulturminister Hadia Tajik.

Brekke, som har budd i Knarvik dei siste 28 åra, takka i talen sin spesielt dei som lærte han gode haldningar til frivillig arbeid då han vaks opp i Vik i Sogn.

71-åringen er kjend som primus motor for mosjonsløpet Knarvikmila, og jobba som rektor ved Knarvik skule til han gjekk av med pensjon.