Hopp til innhold

Morellrekord i Lærdal

Morelldyrkarane i Lærdal Grønt sette ny produksjonsrekord i år. Samdrifta omsette bær for nær 6 millionar kroner.

Morellar
Foto: Steinar Lote / NRK

Det er ein million kroner meir enn venta. Bærproduksjonen enda på 130 tonn.

Det er fyrst og fremst det varme veret som har ført til god produkusjon, men også auka produksjonseffektivitet.

 

Over all forventning

Årets sesong har vore over all forventning for morelldyrkarane i Lærdal Grønt. Produksjonen var venta å ligge rundt 115 tonn, men fasiten viser at det er nærare 130 tonn. Trass i at amerikanske morelldyrkarar overfløymde den europeiske marknaden med moreller og pressa prisane, greidde lærdølene å auke omsetnaden kraftig. Før sesongen rekna dei med å selje for omkring fem millioner kroner, i stedet ble det nærare seks millionar. Det er to millioner kroner meir enn i fjor, og ein milllion meir enn prognosane. Fylkesagronom Harald Nornes seier morelldyrkerne har eit unikt produkt i forhold til andre produsentar.

Store planar

Effektivitet er eit stikkord for Mark Brooks som er ansvarleg for morelldyrkarane i Lærdal Grønt. Samdrifta vart starta som eit prøveprosjekt då Lærdalselvi vart infisert av lakseparasitten gyrodactylus salaris og inntektsgrunnlaget til landbruket vart redusert. I dag er prosjektet blitt til et proft føretak, med store planar for framtida. Lærdal Grønt har ikkje tenkt å legge produksjonen på det nivået dei er i dag. No skal erfaringane gjennom dei tre åra dei har eksistert brukast konstruktivt, for utfordringane er framleis mange.

Ikkje i balanse på ei stund

Morelldyrkarane i Lærdal ser stadig etter nye teknikkar for å bremse modninga til dei periodane dei får best betalt for bæra. Men investeringane mellom anna i spesialplast til bygningar og nye typar gjødsel kostar mykje. Brooks ventar at det vil gå endå nokre år til før føretaket går i balanse. Men då reknar han også med at inntektene vil kome i rikt monn.

Han er svært spent på den videre utviklinga. For ifølgje Brooks er marknaden nærast uavgrensa så lenge dei greier å auke produksjonen.