Hopp til innhold

Ber om forlenga fellingsløyve

Fellingsløyvet på bjørnen i Sogn går ut måndag, men leiar Arne Bjørk i Jostedalen sankelag vil be om forlenga løyve.

Bjørn.
Foto: NRK.

Bjørk vil ikkje risikere å tape viktig tid dersom dei må vente på nye observasjonar av bjørnen før dei kan få løyve.

- Verdfull tid kan gå tapt

- Når vi eventuelt ser bjørnen eller finn ferske spor vil verdfulle timar gå tapt dersom vi må søkje om nytt fellingsløyve. Eg meiner sjansen for at bjørnen framleis er i dalen er like stor som at han er ein annan stad. Ekspertar har sagt at bjørnen vil slå seg ned i eit bærrikt område der det og er sau, og det talar for at vi framleis har han her.