Hopp til innhold

Sjokkert over doping-mistanke

Eivind Stavang frå Florø er sjokkert over at den tidlegare trenaren hans er mistenkt for å hatt kontakt med dop-trenarar.

Eivind Stavang
Foto: Truls Kleiven

Det er i måndagens utgave av Dagbladet at trenarprofilen Petar Vukicevic innrømmer at han har forhøyrt seg om veksthormoner og testosteron i e-poster med en annen trener.

Dette har fått Friidrettsforbundet til å be om ei forklaring frå Vukicevic, og han er no kalla heim frå ei treningssamling i Sør-Afrika. Eit stort pressekorps ventar på å høyre forklaringa hans når han landar i Norge.

Stor respekt for Vukicevic

Hekkeløparen Eivind Stavang (30) har kjent Vukicevic i fleire år, og hadde han som hovudtrenar i heile fjor.

– Det vil vere ekstremt overraskande og skuffande dersom Petar Vukicevic er innblanda i doping. Petar er ein veldig fin type og ein mann eg har stor respekt for. Han er på mange måtar den beste trenaren eg har hatt, seier Stavang.

Håper han blir reinvaska

30-åringen håper inderleg at Petar ikkje har vore innblanda i doping, og at han blir reinvaska.

– Trur du det no også rettar seg mistankar mot dotter til Petar, den kjende hekkeløparen Christina Vukicevic?

– Det er det i så fall ingen grunn til. Dei aktive utøvarane blir testa titt og ofte, og hadde Christina brukt doping ville ho vorte tatt. Både Petar og Christina har heile tida teke sterk avstand frå doping, seier Stavang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Det vil vere ein skandale dersom Petar Vucicevic har vore innblanda i doping, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Foto: Privat / NRK

– Skandale om han er skuldig

Hekkeløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) frå Florø har hatt Petar Vucicevic som teknisk vegleiar under treningane.

– Mistankane mot Petar er veldig sjokkerande. Han har heile tida teke sterk avstand frå doping, og eg vil bli ekstremt overraska dersom han skulle vere skuldig.

– Kva om han likevel skulle vere innblanda i doping?

– Det vil vere ein skandale. Saka er under gransking og han er uskuldig til det motsette eventuelt skulle bli prova, seier Kjerpeset.