Hopp til innhold

17-åring tiltalt for aktlaust drap

Ein 17-åring frå Sunnfjord er tiltalt for aktlaust drap etter ei motorsykkelulukke i Askvoll i fjor sommar.

Motorsykkelulukke ved Flokeneset

OMKOM: Ein 16-åring omkom i trafikkulukka i Askvoll i fjor sommar.

Foto: Frode Stang

Ein 16 år gammal gut som var passasjer, omkom då den lette 125 cc motorsykkelen hamna utfor vegen og sklei under autovernet.

– Sjåføren er no tiltalt for aktlaust drap og aktlaus køyring av motorsykkelen, seier politiadvokat Lisa Førde Refsnes.

Ifølgje tiltalen heldt sjåføren for høg fart etter forholda i ein venstresving og/eller var ikkje nok merksam slik at motorsykkelen kom utfor den asfalterte vegskuldra.

17-åringen er også tiltalt for å ha køyrd den lette motorsykkelen utan å ha førarkort. Han er også tiltalt for å ha køyrt bil og moped utan førarkort i tida etter ulukka.

Saka kjem opp i Fjordane tingrett 26. februar. Saka har ei strafferamme på inntil tre år. Det er sett av fire dagar til saka.

Ivar Blikra som er forsvarar for den tiltalte ungdomen vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt.