Hopp til innhold

Farlegare for utlendingar på jobb

Det er mykje farlegare for utlendingar å jobbe i Norge enn det er for nordmenn. Utanlandske arbeidarar er tydeleg overrepresenterte når det gjeld arbeidsulukker.

Det er mykje farlegare for utlendingar å jobbe i Norge enn det er for nordmenn. Dei er tydeleg overrepresenterte når det gjeld arbeidsulukker.

SJÅ TV-SAKA: Arbeidstilsynet skal sjå på språkvanskar i arbeidslivet.

En ny rapport frå Arbeidstilsynet tyder på at utanlandske arbeidstakarar har nærmare 50 prosent større risiko for å bli alvorleg skadd på jobb enn norske yrkesaktive.

Risikoen for arbeidsskadedødsfall er opp mot 30 prosent høgare mellom dei utanlandske arbeidarane. Størst skaderisiko – uansett nasjonalitet – har arbeidstakarar i industri og bygg og anlegg.

– Ikkje optimalt

Leif Arne Åsen

VANSKELEG KOMMUNIKASJON: Byggjeleiar Leif Arne Åsen seier språket er eit utfordring.

Foto: Steinar Lote / NRK

På tomta der det nye rådhuset i Førde skal komme, er det mange innleigde og utanlandske arbeidarar. Åsen og Øvrelid AS er hovudentreprenør og dagleg leiar Leif Arne Åsen seier kulturskilnadene mellom Norge og Polen er eit utfordring.

– 30 prosent av dei som er på byggjeplassen her, kan eg ikkje kommunisere med. Sjølv om vi samarbeider greitt, er det ikkje optimalt, seier han.

Skal ta grep

I 2011 var det 307 000 sysselsette innvandrarar i Norge. Talet har auka med 27 prosent sidan 2008.

Arbeidarar som ikkje kan norsk eller engelsk ein risiko på norske byggjeplassar. Mange av dei er også innleigde og er ikkje ein del av fellesskapet og tryggleikskulturen på arbeidsplassen. Det er også ein risikofaktor at mange jobbar mykje.

Difor vil Arbeidstilsynet ta grep. Dei neste fire åra blir det auka kontrollar med fem bransjar – byggebransjen, overnatting og servering, reinhald, helse og transport.

Ingrid Finboe Svendsen

VARSLAR FLEIRE KONTROLLAR: Direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet seier det blir fleire tilsyn framover.

Foto: NRK

Ingrid Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet seier det er ein tryggleiksrisiko at ein del av arbeidsstokken ikkje kan norsk.

– Mange gjer farlege arbeidsoperasjonar, dei arbeider mykje og forstår ikkje alltid språket, seier ho.

Fokus på språket

No skal dei ha fleire tilsyn og ho ber om at dei som brukar utanlandske arbeidarar, sikrar seg at arbeidarane gjer jobben på rett måte. Det skal mellom anna lagast ein rettleiar om språk.

– Det hjelper ikkje at det er ein god tryggleikskultur på ein arbeidsplass om ikkje utlendingane forstår språket, reglane, opplæringa og kva dei må gjere for å jobbe sikkert.

Byggleiar Leif Arne Åsen seier det er krevjande å byggje opp kommunikasjonen i det daglege.

– Det blir store utfordringar når dei verken meistrar engelsk eller norsk, seier Åsen.