Hopp til innhold

Sogndal-siger i siste minutt

Med fire sekundar att av overtid, greide Sogndal endeleg å få inn kampens einaste mål.

Sogndal-jubel

JUBEL: Sogndal-spelarane var strålande nøgde med å dra sigeren i land på overtid mot Lillestrøm. Frå venstre Ørjan Hopen, Malick Mane og Ricardo Santos.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein kamp med få sjansar, og enda færre mål, enda til slutt godt for Sogndal.

Tre minutt vart lagt til på klokka på slutten av andre omgang. Og det var berre fire sekund att av desse då Malick Mane endeleg krangla ballen over mållinja.

Han greide å dra seg fri rett utanfor boksen. Han finta ut eit par spelarar før han smelte ballen inn ved stolpen, frå 15 meter.

Før dette var det ein sjansefattig kamp.

Lillestrøm prøvde seg etter 7 minutt utan hell. Deretter skjedde fint lite før dei igjen kom foran mål i det 38. minutt. Thorstein Helstad greidde å vippe ballen i tverrliggaren.

To minuttar seinare kom Sogndal sin Ricardo Santos på skothald, men ballen gjekk i nettveggen på utsida av målet.

Sogndal sin Ørjan Hopen begynte friskt med eit frispark frå 30 meter 2 minuttar ut i andre omgang. Men ballen gjekk ikkje inn.

Eit hjørnespark til dei gule gjestane i det 67. minutt kunne endt med mål, hadde ikkje Ørjan Hopen stått klar på målstreken og fått klarert ballen.

NRK Sogn og Fjordane kjem tilbake med meir frå kampen.