Hopp til innhold

Person i sjøen var falsk alarm

Det vart slått full alarm etter at det søndag ettermiddag kom melding om at ein person hadde hamna i sjøen i Erdalen utanfor Førde.

Full utrykking til Erdalen utanfor Førde

STORE MANNSKAP: Både politi, ambulanse og brannvesenet rykte ut etter meldinga om at ein person hadde hamna på sjøen.

Brannvesenet, politi og helsepersonell rykte søndag ettermiddag ut til tankanlegget utanfor Førde etter at forbipasserande hadde sett ein person i sjøen.

Det viste seg etter kvart at det ikkje var snakk om nokon som var i naud, men i staden ein person som hadde drive med ein eller annan form for kiting på eit brett på fjorden.

Politiet opplyser til NRK.no like før klokka halv fem at ein har kome i kontakt med vedkommande og at det altså dreier seg om ei misforståing.