Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Den unge kvinna omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, berre 17 år gammal.
Minneprisen hennar har som formål å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele, og i år går altså denne prisen til ein ung og lovande nordfjording.
«Ynskjer å satse på folkemusikken»
I si grunngjeving skriv styret for minneprisen følgjande om Nikolai Storevik:
«Nikolai Storevik har synt ei særskild god utvikling siste åra. Prisvinnaren merkar seg ut med ein uvanleg sterk musikalitet og ei kreativ evne til å skape sjølv. Nikolai har fått opplæring frå fleire sterke tradisjonsutøvarar i sitt område (m.a. Arne M. Sølvberg).
Han har delteke på kappleikar med gode resultat, i fleire klasser. Det er ein ung utøvar som ynskjer å satse på folkemusikken og som drøymer om å gjere den til leveveg. Nikolai går på musikklinje på vidaregåande skule med hardingfele som hovudinstrument».
Får 10.000,- i prispengar
Styret i minneprisen består av Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Therese Moldestad, Vegard Opheim og Eva Marie Toppe. Dei skriv i ei pressemelding at det var mange gode kandidatar til årets pris.
At det vart nettopp Nikolai Storevik som stakk av med prisen på 10.000 kroner er fordi styret meiner han er «ein ung og fremmadstormande utøvar med sterk eigarinteresse for folkemusikk og felespel».
Prisen vart delt ut under Vestlandskappleiken på Osterøy laurdag ettermiddag.