Hopp til innhold

Navarsete skeptisk til forslaget om å kutte i talet på lensmannskontor

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete er ikkje umiddelbart positiv til forslaget om å kutte i talet på lensmannskontor i heimfylket.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

SKEPTISK: Liv Signe Navarsete meiner det er viktig at kravet om responstid skal kunne gjelde for heile fylket og er ikkje umiddelbart positiv til forslaget om å kutte i talet på lensmannskontor.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Dersom politimeister Johan Brekke får det som han vil kan det i framtida bli ti færre lensmannskontor i Sogn og Fjordane.

I dag e det 23 lokale lensmannskontor, men ved nesten halvparten av desse er det slik politimeisteren ser det for få folk til at kontora kan opppretthaldast.

– Eg har merka meg at politimeisteren har vore ute og snakka om det å ta vekk lensmannskontor, seier Navarsete.

Skeptisk til kutt

Sjølv om Senterparti-leiaren seier ho ikkje vil leggje seg for mykje opp i lokale prioriteringar, har ho like fullt meiningar om utspelet til politimeisteren.

Statsråden legg ikkje skjul på at ho er skeptisk til å kutte i talet på lensmannskontor, og viser til reforma i 2002, som ho meiner ikkje fekk resultata ein hadde håpa på.

– Det er ikkje sikkert at den reforma ein gjorde i politiet sist skal gjentakast. Eg trur ikkje alt ein gjorde då med å rasjonalisere og sentralisere så mykje fekk den effekten ein ønskte., seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Brekke

VIL KUTTE: Politimeister Johan Brekke vil kutte i talet på lensmannskontor i Sogn og Fjordane. Får han det som det vil blir 23 kontor til berre ti i framtida.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Behov for større kontor

Det var tidlegare denne veka at politimeister Johan Brekke igjen tok til orde for å kutte i talet på lensmannskontor i Sogn og Fjordane. Brekker meiner det er fleire grunnar til at talet på lensmannskontor må ned.

Mellom anna meiner han at kontor som har tre eller færre politifagleg tilsette ikkje er berekraftige.

– Omfanget og kompleksiteten i dei oppgåvene som politiet har, gjer at det faktisk ikkje er mogleg å løyse alle desse oppgåvene om dei er så få tilsette på eit kontor, seier han.

Meiner det ikkje vil gå ut over responstid

På spørsmål om kor vidt færre kontor vil føre til store avstandar og igjen gå utover responstida, svara politimeisteren slik.

– Eg er ikkje uroa for det. Eg trur heller det blir motsett. Har vi meir politi samla på ein plass, blir det lettare å løyse alle dei oppgåvene som politiet har, sa Brekke til NRK.no tidlegare i veka.

Fryktar for mykje kontorpoliti

Navarsete på si side er skeptisk, og meiner at erfaringane frå den førre omlegginga viser at sentralisering ikkje alltid er vellukka.

– Det vart mykje kontorpoliti, men no må ein satse på at ein har politi ute der folk er, seier Navarsete.

– Eg håpar verkeleg at dette med responstid skal gjelde for heile fylket, seier ministeren.

Politimeisteren i Sogn og Fjordane har allereie bestemt at det frå nyttår skal kome krav til responstid for politiet i fylket. Detaljane rundt dette er førebels ikkje klare.