Hopp til innhold

Katt og fem hundar dauda i hus fullt av røyk

Ein ung mann er send til Førde sentralsjukehus for legesjekk etter at han kom heim og fann huset fullt av røyk. Ein katt og fem hundar skal ha døydd i røykutviklinga.

– Vi har fått melding om at ein katt og fleire hundar skal ha mista livet, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

110-sentralen fekk melding om branntilløpet klokka 18.23.

– Ein ungdom kom heim og oppdaga at huset var fullt av røyk. Han gjekk inn i huset for å sjå kva det var som var årsaka. Han skal ha fått i seg ein del røyk og er difor send til Førde sentralsjukehus for legesjekk, seier Værøy.

Det var i alt to personar som budde i huset.

Har svært store røykskadar

Huset ligg ikkje så langt frå Kvammen i retning Førde. Mannskap frå Askvoll brannvesen, samt depotet i Kvammen kom til staden like etter klokka 19.30.

– Huset skal ha svært store røykskadar, legg Værøy til.

Det er førebels usikkert om det har vore eit branntilløp eller om det er snakk om berre røykutvikling.

– Men det er ting som tyder på at røyken har komme frå ei oppvaskmaskin, seier Værøy.

Saka vil bli etterforska.