Hopp til innhold

Tok vekk ferja, men gløyme å setje opp skilt

Jon Kenneth Aase kom til Eikenes ferjekai klokka 13.30 for å ta ferja klokka 15. Lite visste han om at ferja var flytta til sambandet Askvoll, Gjervik og Fure, og at ein passasjerbåt var sett inn i staden.

Ferje og Aase

LITE IMPONERT: Jon Kenneth Aase er provosert over at Fjord1 fjerna ferja 'Florøy' frå Dale-Eikenes utan å informere på kaien.

Foto: privat/Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg hadde sete i bilen i vel tre kvarter då ei som visste at eg sat og venta på ferja, ringde for å fortelje meg at ferja var flytta til eit anna samband og at sambandet Eikenes-Dale var stengt for personbiltrafikk, seier Jon Kenneth Aase.

I morgontimane torsdag gjekk bilferja M/F «Aurland» som trafikkerer sambandet Askvoll, Gjervik, Fure, i fjøresteinane på Atløy. For å bøte på dette, flytta Fjord1 bilferja «Florøy» frå Dale-Eikenes-sambandet, og erstatta denne med ein passasjerbåt.

Skulle heimatt til Bergen

Men det visste ikkje Aase noko om der han sat på Eikenes ferjekai.

Aase hadde vore på arbeid i Askvoll og var på veg attende til Bergen. Van som han er til å reise og vente på ferje, har han bok i bilen.

Dermed sette han seg til som vanleg å lese i påvente av at ferja kom til oppsett tid.

Til alt hell vart han oppringt, elles hadde han vorte sitjande til klokka 15 før han oppdaga at han slett ikkje hadde komme seg over Dalsfjorden att.

– Då hadde eg ikkje vore god å ha med å gjere, for å seie det slik, seier Aase, som har lite godt å seie om informasjonsarbeidet til Fjord 1.

Ringde og spurde kva som føregjekk

– Eg ringde umiddelbart Fjord1 og sa kva eg meinte om saka. Eg fekk til svar at dei hadde informert både gjennom NRK og sms-tenesta si. Men det er ikkje alle som høyrer NRK. Og det er heller ikkje alle som har sms-tenesta deira, seier Aase.

Han meiner det er horribelt at ein kan fjerne ei bilferje frå ein strekning utan i det minste å setje opp eit skilt.

– Trur dei at det er berre lokale folk som tek denne ferja? Det kan godt hende alle som bur i området har fått det med seg, men det er ikkje alle som høyrer på NRK i bilen. Og å ta det for gitt at alle som treng å ta ei ferje har sms-varsling frå Fjord1 på mobilen, er heilt bortinatta, seier Aase.

Meiner det iallfall burde vore eit skilt

Han legg til at han hadde fått med seg at han hadde fått med seg at M/F «Aurland» hadde gått i fjøresteinane på Atløy i morgontimane då han kom andre vegen med Eikenes-ferja.

– Men eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd at dei berre skulle flytte ei ferje frå eit samband utan å i det minste hengje opp eit skilt, seier Aase.

Han meiner det aller beste ville ha vore å hengt opp eit skilt der ein køyrer ned til kaien.

– På den måten ville bilistane vorte informert med ein gong, seier Aase.

Kallar det heile ein glipp

Driftssjef Terje Stub i Fjord1 er klar på at her har det skjedd ein glipp.

– Vi beklagar dette. Det kunne godt hengt eit oppslag, seier Stub.

Han legg til at dei ikkje har nokon rutinar på at skilt vert hengt opp dersom slike ting skjer.

– Vi går ut via NRK så fort som vi veit noko, vi informere og så varslar vi på sms til alle våre abonnentar, og det er jo ei gratis teneste, seier Stub.

– Men ein kan vel ikkje vente at alle som tek ferje i Sogn og Fjordane abonnerer på sms-varslinga dykkar?

– Nei, men dei som reiser mykje gjer nok det. Men det er klart at alle reisande gjer nok ikkje det, seier Stub.

Han legg til at ein aldri kan bli god nok på informasjon.

– Vi beklagar at dette skjedde, og den ulempa det medførte for den reisande, seier Stub.

Han opplyser at ferjesambandet Dale-Eikenes vil gå som normalt frå klokka 17.35.