Hopp til innhold

Køyrde på hjort i nord og sør

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Med tre minutt mellomrom vart ein hjort ihelkøyrd i Gudvangen og ein annan hjort ihelkøyrd i Vanylven.

Slik var natta hos politiet i følgje loggen deira:

Klokka 0003: Påkøyrt hjort E 16 Gudvangen, Aurland

Politiet fekk melding om at ein hjort vart påkøyrd i Gudvangen, E 16. Det var ingen personskade. Viltnemda varsla for søk etter hjorten.

Klokka 0006: Påkøyrd hjort ved Eide fv 61, Vanylven

Politiet fekk melding om at ein hjort var påkøyrd på fv 61 ved Eide. Store materielle skader på bilen, ingen personskade. Hjorten vart avliva av viltnemda.

Kl 0220: Trafikkontroll E 16 Tønjum, Lærdal

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll på E 16 i 60-sona ved Tønjum. Det vart utferdiga fem forenkla førelegg, høgste fart var 78 km/t. Eit køyretøy vart avskilta for manglande årsavgift. Bilen var heller ikkje framstilt for kontroll.