Hopp til innhold

Fryktar at klimaendringar er årsaken til fisketome fjordar

Klimaendringane kan vere årsaka til at svært mykje av torskefisken har forsvunne frå mange av fjordane våre, særleg på Vestlandet.

Aldri før har det vore så varmt i Sognefjorden som no. På 10 år har temperaturen stige med 1 ei grad, noko som kan flre til store endringar i fjordane

UROA: Forskar Einar Dahl fryktar at høgare temperaturar vil føre til store endringar for fjordane våre. Foto: Øystein Paulsen / Havforskningsinstituttet / arkiv

I fleire år har folk snakka om kor lite fisk det er å få, særleg i dei indre delene av Sogn og i andre djupe fjordstrok.

Der ein før kunne trekkje den eine torsken eller lyren etter den andre, er det no knapt eit napp å få.

Dramatiske endringar

Dette kan skuldast dramatiske endringar i klimaet, meiner forskar og leiar ved Havforskingsinstituttet sin stasjon Flødevigen i Arendal, Einar Dahl.

– Ja, folk vil nok ha delte meiningar, men eg meiner at dei dataene vi har peikar mot klimaet som veldig viktig påverknadsfaktor for korleis produksjonen av fisk er langs kysten, seier Dahl.

Mykje varmare

Og tala dei sit på er klare som dagen. Via målestasjonen i Sognesjøen i enden av Sognefjorden har dei det siste tiåret registrert dei varmaste vass-temperaturane sidan 1940.

– Noko variasjonar er det frå år til år, men sler vi saman tala så er tiåret etter år 2000 det varmaste i heile perioden frå 1940. Både i overflata og i djupna har det vore om lag ein grad varmare enn det vi har rekna som middeltemperatur, seier forskaren.

I praksis vil det seie at på 200 meters djup er vintertemperaturen no i snitt 8,4 grader, medan den tidlegare var nede 7,6 grader. Også sommartemperaturane i vatnet har stige.

torskeyngel

FÆRRE YNGEL: Torskeyngelen er heilt avhengig av dyreplankton. Når den forsvinn, vil og torskebestanden i fjordane gå ned.

Foto: Gunnar Sætra / Havforskningsinstituttet

Mindre mat til fisken

– Vi har høyrd den uroen som er over at tilstanden er dårleg. Naturleg så er dei store norske fjordane relativt fattige og ikkje så veldig produktive økosystem. Difor er produksjonen av fisk avhengig av vatn frå kysten utanfor som kjem inn i fjordane ved naturleg utskifting av vatnet, fortel Dahl.

Med det vatnet føl både næringsstoff og organisamar, ikkje minst dyreplankton som er viktig mat, særleg i dei tidlege stadia for fisken.

– Dette vatnet som kjem utanfrå er nok no forandra med mindre dyreplankton dei siste åra. Det ser vi frå heile Nordsjøen at viktige nøkkelartar, særleg krepsdyret rauåte som er viktig mat for fiskeyngel og litt større fisk, er i dårleg stand. Dette vil også attspegle seg i fjordane våre, seier Dahl.

Det varmare klimaet må ta skulda for at særleg kaldvass-arten rauåte ikkje er så talrik og vanleg som før, men til dels er erstatta av ein slektning som kjem på litt andre tider av året og som ikkje er så viktig som fôr.

Torskefiske

BRA PÅ KYSTEN: Langs kysten og ute i havet, heilt til 82 breiddegrad, er det mykje torsk i havet. I fjordane derimot, er det bortimot tomt.

Foto: Stig-Espen Soleng / NRK

Samansette årsaker

Forskaren peikar og på at i periodar med kaldare klima, var tilgangen på næring mykje større.

– Særleg i dei kalde 60-åra var det veldig bra med torskefiske i heile Nordsjø-området, påpeikar Dahl.

Han vil i liten grad gå inn i diskusjonen om kraftreguleringane i mange vassdrag som fører ut i fjordane og må ta sin del av skulda. Men saman med Sintef jobbar no Havforskingsinstituttet med forsøk der ein let vatn frå regulerte elvar gå ut i fjordane lenger ute, og djupare.

– Vi er spente på om vi kan sjå nokon effekt i høve utskifting av vass-massane gjennom desse forsøka.

Manetane overtek fjordane

Forskaren peikar på annan lokal effekt som sler inn ved at har blitt meir partiklar i vatnet som svekkar gjennomtrenginga av lys.

– Det favoriserar mellom anna ulike typar manetar som tevlar med fisken om føden. Dei finn mat i mørkret, medan fisk dei bruker augene og lyset for å finne føden. Vi har sett i nokre fjordar langs Vestlandet at det har blitt ganske mykje manetar på djupna, fortel Dahl.

Særleg har manettypen kronemanet blitt svært talrik i mange fjordar og fjordarmar og dominerer til dels økosystema i desse fjordane.

– Då går rett og slett matressursane inn i manetane og ikkje i fisken. Vi er litt uroa for om det kan vere varige endringar i nokon fjordøkosystem, der vassdragsregulering og kan liggje bak og vere medverkande, avsluttar Dahl.