Hopp til innhold

No scorar dei mål i bøtter og spann

Med 12 mål og sju poeng på dei tre siste kampane, er ikkje Eid lengre det minst målkåte 3. divisjonslaget i Norge. Laurdag fekk Vik så hatten passa på Nordfjordeid.

Bjørn Totland

PUNKTUM: Bjørn Totland sette punktum då han sette inn Eid si sjette scoring for dagen på straffe.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Nordfjordlaget har slite ein tung motbakke gjennom heile sesongen, men etter at nedrykket til 4. divisjon vart klart ser laget ut til å ha vakna.

Laurdag valsa dei over Vik med 6–2 på eige gras. Ved pause stod det 5–2. Heimelaget nytta høve til å la unggutane få godt med speletid.

– Vi gjer ein god kamp, ein fin prestasjon av guttaboys som vågar å sleppe seg laus. Dei spelar offensivt, scorar mange mål og kjem seg ikkje minst til mange sjansar. Det er kjekt å sjå at ein kan få det til, seier assistenttrenar Magnus Sævik.

– Burde vore meir

Gjestene frå Sogn kom til Nordfjordeid utan toppscorar Øystein Myrkaskog og midtstoppar Aleksander Valsvik. Allereie etter sju minuttar fekk dei første nettkjenning i fleisen.

Jarle Christensen

TYNT: Vik-trenar Jarle Christensen mangla fleire spelarar og måte sjølv spele mot Eid.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Etter at Eivind Skrede sette inn 1-0, kom måla på rekke og rad for heimelaget. Jan Olav Humborstad, Oliver Rotihaug (2) og Johannes Myklebust scora før kvilen. Det same gjorde Joar Tryti og Jackson Balotelli for gjestene.

Etter pause vart det ifølgje firda.no si liveoppdatering med Bjørn Totland si straffescoring for Eid.

– I første omgang scora vi på nesten alt, medan det i andre omgang vart tilsvarande med bom. Det kunne blitt mykje meir, meiner Sævik.

Scorar ikkje lenger minst

Som NRK tidlegare har skrive er Vik det laget som er involvert i dei mest målrike kampane i 3. divisjon. Med nye åtte mål for andre kamp på rad, held den statistikken.

For nedrykksklare Eid sin del har dei lenge vore blant dei desidert minstscorande laga i 3. divisjon. Det har snudd seg ein god del i det siste. Før dagens kamp stod dei med 24 mål.

– Vi har faktisk snakka om det, men på dei tre siste kampane har vi forbetra oss kraftig, seier Sævik.

– Du vil ikkje setje pengar på at Eid blir minstscorande av 3. divisjonslaga?

– Det gjer eg ikkje. Vi har att begge laga som ligg under streken saman med oss, Bergen Nord og Radøy/Manger, og eg har ei god kjensle av at vi vil putte litt på dei neste kampane, seier han.

Spelarar tilbake

Sævik seier det ikkje er slik at laget plutseleg byrjar å prestere. Laget har mellom anna styrka stallen før haustsesongen, samt fått spelarar attende etter skade.

– Vi hadde ikkje kunne stått fram som vi gjer no i vår. Då hadde vi ikkje nok spelarar. Spelarar tilbake og nye spelarar som har heva laget, er nok i kombinasjon med at våre unge er betre rusta, årsaka til at vi gjer det bra no, seier han.

Press på Førde

Sigeren over Eid løfta nordfjordlaget forbi Bergen Nord i botnen av tabellen. Begge lag med 14 poeng, men Eid med langt betre målskilnad enn bergenslaget.

I Florø la heimelaget press på serieleiar Førde med solide 8–0 over Bergen Nord. Avstanden mellom dei to sunnfjordlaga er no seks poeng, og Førde møter søndag Fyllingsdalen 2 på bortebane.

Andre resultat 3. divisjon fotball for menn

Tornado Måløy – Øystese 3–2

Saga – Årdal FK 2–2