Hopp til innhold

Etterlyser bil og motorsykkel

Politiet ber om publikum si hjelp etter eit trafikkuhell i Gloppen, og tjuveri av ein motorsykkel i Vik.

Ein bilist meldte klokka 1215 ifrå om eit trafikkuhell mellom Vassenden og Sandane i Gloppen. Uhellet skjedde ein halvtime tidlegare.

Vedkommande hadde køyrt i retning Sandane då ein møtande bil kom borti bilen hennar. Bilen skal ha fått mindre skader, men den møtande bilisten, som truleg køyrde ein Asølvfarga Audi, skal ha køyrt vidare.

Ein time seinare kom det melding frå Vik om at ein motorsykkel i løpet av natta er blitt stolen frå eit gardstun ved Brekke.

Motorsykkelen skal vere raud, med registreringsnummer NN5113.

I begge desse sakene ber politiet om tips frå publikum.