Hopp til innhold

Fann tom jolle - søkte i fjorden

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Hovudredningssentralen starta tidleg fredag morgon opp eit søk i Sognefjorden mellom Lavik og Norevik etter funn av ei tom jolle ute på fjorden. Etter å ha kome i kontakt med eigar blir søket avslutta.

Det var ein forbipasserande lastebåt som like før klokka halv fem meldte frå om ei tom jolle som låg og dreiv i Sognefjorden.

Redningsleiar Erik Willarssen ved Hovudredningssentralen sa like før klokka 06 at det ikkje er meldt om sakna personar i området, og at dei heller ikkje har fått meldingar om ulukker her.

Starta søk for å vere på sikre sida

Men for å vere på den sikre sida valte dei å starte eit søk etter moglege personar som kan ha vore i den vesle båten.

– Vi trur nok at den har slite seg, men vi kan ikkje utelukke at det har vore folk om bord, seier Willarssen til NRK.no like før klokka 06.

Eit redningshelikopter og ei redningsskøyte vart sendt ut til området for å gjere søk. Båten det er snakk om er ein kvit Vernøy 430 SL med ein motor på 25 hestekrefter.

Truleg forsøkt stolen

Samtidig som det vart gjort søk gjorde Hovudredningssentralen undersøkingar for å finne ut meir om kven som eig båten og kva som eventuelt kan ha skjedd.

Like før klokka 06.30 får NRK opplyst at søket er i ferd med å bli avslutta. Willarssen seier dei har kome i kontakt med eigaren av båten, som ikkje har brukt den.

Truleg er det nokon som har forsøkt å stele båten, då den vart funnen utan motordeksel. Willarssen seier den eller dei som står bak ikkje har fått start på båten.

Redningshelikopteret vil søkje i fjorden frå Norevik og ut mot Lavik før dei avsluttar søket. Politiet opplyser i 07-tida at søket er avslutta og at det ikkje er gjort funn.