Hopp til innhold

Måtte avlive 7.500 raudsjuke høns

Hønsebonden Leiv Reksten i Eid måtte slakte alle dei 7.500 hønene sine etter utbrot av raudsjuke.

Leiv Reksten inne i hønsefjøsen sin

AVLIVA: Leiv Reksten måtte avlive heile hønebesetninga si etter utbrot av raudsjuke.

Foto: Stig Høynes

Sjukdomen er svært sjeldan på fjørfe, men vanleg på gris. Leiv Reksten seier utbrotet betyr eit tap på 30.000 kroner.

Kva som er årsaka til at hønebesetninga vart råka av raudsjuke er uvisst.

– Det veit eg ikkje. Veterinæren frå Oslo meinte det ikkje var hjelp i å leite etter noko årsak heller, seier Reksten.

– Uvanleg

Raudsjuke skuldast ein jordbakterie som finnast overalt, men veterinær og fagdirektør i Animala, Ola Nafstad, seier det høyrer med til sjeldanheitene at fjørfe blir råka.

– Det er sporadisk. I utgangspunktet er det grisesjukdom, men kan unntaksvis førekomme på sau og lam dersom dei har hatt kontakt med gris, seier han.

– Men kor alvorleg er sjukdomen?

– På fjørfe er det hovudsakleg eit dyrevelferdsproblem. Dei får leddbetennelse og eventuelt død. Har ein først fått inn smitta er det greitt å avlive.

Avliva tidlegare

Det vart også resultatet for Reksten, som måtte slakte alle sine 7.500 høner.

– Det fører til at eg fekk større dødelegheit enn det som er vanleg, og så måtte eg slakte hønene fire veker for tidleg fordi det dyreetisk ikkje var forsvarleg å ha dei lengre, seier Reksten.