Hopp til innhold

«Eg har jo lagt opp ei enorm fallhøgde for meg sjølv»

25. november kan Sogndalspelaren Ørjan Hopen markere at det er eitt år sidan han sist spelte på pengespel. Kampen for å halde seg unna gambling er framleis knalltøff.

Sogndal-spelar Ørjan Hopen trur han kunne hjelpt Fotballforbundet i kampen mot speleavhengigheit blant fotballspelarar. 
20-åringen seier det er store mørketal, og er overraska over at NFF ikkje har kontakta han etter at dei sjølv starta eit prosjekt mot spelegalskap.

Hopen vil hjelpe speleavhengige

Den unge fotballspelaren med det store talentet stod fram i VG og fortalde ope og ærleg om sitt livs kamp. Han var speleavhengig, og trengte hjelp.

No, etter 305 dagar utan speling, er oppturane heldigvis fleire enn nedturane.

– Det var tungt i starten, men no føler eg at det går betre og betre. I forhold til det eg trudde det skulle bli, så har det gått leikande lett, seier Hopen.

Tusenvis på tusenvis av kroner gjekk med til spelinga, anten det var via Norsk Tipping sine spel eller andre former for gambling.


– Litt taktisk

Onsdag deltok han på Lotteritilsynet sin pengespelkonferanse i Førde, og angrar ikkje på at han valde å vere så open om problema sine.

– Ein kan vel nesten kalle det litt sånn taktisk. No kan eg i alle fall ikkje reise på Meny i Sogndal og prøve å levere ein spelebong. Det hadde vekt oppsikt. Eg har no gjort det litt for at det hjelper meg sjølv også, seier Hopen.

– På den måten kan andre og hjelpe meg utan at dei nødvendigvis er klar over det, sler han fast.

Stor fallhøgde

Heime i Sogndal går han kvar dag forbi tippekioskar og ser andre brukar spelarkorta sine. Men heldigvis har ikkje freistinga blitt for stor for Hopen.

– Eigentleg så tenkjer eg ikkje på så mykje på det. Om eg tenkjer på det, så tenkjer eg på konsekvensane av det. Eg har jo lagt opp ei enorm fallhøgde for meg sjølv, seier den tøffe sogndølen.

Under konferansen i Førde var og historia sin mestvinnande, norsk fotballtrenar tilstades. Nils Arne Eggen tykkjer det er sterkt å høyre historia til Ørjan Hopen.

– Det er veldig viktig at det vert sett fokus på det, for då vert det gjort noko med det, meiner Eggen.

Støttar Hopen

Han støttar Ørjan Hopen som valde å vere open om det, og han trur at det på sikt også vil gagne han som fotballspelar på høgt nivå.

– Det å ha problem med pengespel kan ikkje kombinerast med å vere ein skikkeleg god fotballspelar. I alle fall vil du bli mykje betre om du klarer å gjere noko med det.

For Ørjan Hopen er det no nedteljing. 305 dagar skal bli til eit heilt år, og resten av livet utan gambling.

– Det er jubileum 25. november, så får vi berre køyre på vidare, smiler Hopen.