Hopp til innhold

Løe totalt nedbrent etter brann

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Naboar oppdaga onsdag morgon ei løe i full fyr i Seljedalen i Vik. Kort tid etter var heile løa nedbrent.

Det var naboar som varsla om brannen like etter klokka halv åtte onsdag. Politiet opplyser at det ikkje bur folk på garden der det brenner, men at det skal ha vore dyr i området.

Så langt politiet kjenner til skal det ikkje vere dyr inne i løa, det er heller ikkje folk på garden.

Brannvesenet rykte ut til staden og Alarmsentralen opplyser like før klokka 09 at brannvesenet driv med ettersløkking på staden.

Folk NRK har snakka med som har vore på garden seier løa er heilt nedbrent og at ein traktor som stod i nærleiken også skal ha fått brannskadar. Eit ikkje-busett bustadhus som stod like ved skal ikkje ha fått skader.

Politiet opplyser like før klokka 09 at dei har folk på veg til staden og at saka blir etterforska.