Hopp til innhold

Stenger ferjekai i to veker

Ferjekaia i Rysjedalsvika blir stengd for biltrafikk i to veker frå 1. oktober på grunn av reparasjonsarbeid.

Rysjedalsvika ferjekai
Foto: Statens vegvesen

Det er skade på berande konstruksjonar på ferjekaibrua som er årsaka, seier prosjektleiar Audun Trygve Borlaug i Statens vegvesen.

– Arbeidet er omfattande, og kaien blir stengd i ein periode på ca. 14 dagar, frå 1. oktober til 13. oktober. Vi skal mellom anna løfte heile ferjekaibrua på land, rive eksisterande styresøyler, sprenge og fundamentere på nytt under vatn.

Ferja skal gå i ordinære ruter og ta med passasjerar til og frå Rysjedalsvika, men bilane må i denne perioden køyre om Lavik-Oppedal.