Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter fallulukke - frakta til Haukeland

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann i 50-åra er frakta til sjukehus etter at han ramla ned frå ei låvetak i Kjølsdalen i Eid.

Politiet fekk melding om arbeidsuhellet like før klokka 13.

Ifølgje politiet skal mannen ha ramla ned frå eit låvetak. Ambulansepersonell og politi vart sende til staden. Mannen vart først frakta til Førde sentralsjukehus, men vart etter kvart overført til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Dei opplyser på sine heimesider at mannen er alvorleg skadd.

Politiet kan førebels ikkje seie noko meir om årsaka til uhellet. Saka blir etterforska av politiet og Arbeidstilsynet er varsla om saka.