Hopp til innhold

Underviste elevane i verdigheit

Kronpris Haakon var torsdag føremiddag på plass i Sogndal. Her snakka han med elevane på Sogndal vidaregåande skule om korleis verdigheit er viktig i kvardagen.

Sist veke snakka han til elevar i New York. I dag kom kronprins Haakon til Sogndal , for å snakka til ungdommen om verdighet og nestekjærleik.

Kronprinsen underviste i verdighet.

Det var ein smilande og opplagt Kronprins som ved 10-tida kom til Sogndal vidaregåande skule. Besøket skjer i samband med «Dignity day», eit skuleopplegg som har som målsetjing å gjere ungdom bevisste på kva verdigheit er.

Då han kom til skulen vart tronarvingen ønskt velkommen av rektor ved Sogndal vidaregåande, Marta Sofie Vange, elevrådsleiar Helge Evensen Bjørkum, fylkesordførar Åshild Kjelsnes, og dagleg leiar Thomars Horne i Global Dignity Norge.

Vel inne i gymsalen vart Kronprinsen teken i mot som ei popstjerne, med ståande applaus og jubel frå rundt 800 elevar.

– Hei, alle saman. Har dokke det bra? spurte Kronprinsen då han gjekk på talarstolen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kronprinsen vitjar den vidaregåande skulen i Sogndal.

Fleire fekk helse på tronarvingen

Elevane på skulen fekk eit nært møte med tronarvingen i dag. Han leia nemleg diskusjonen om kva verdigheit er i ein av skuleklassane, og han var også med på å hjelpe elevane i gruppearbeidet dei hadde om temaet.

Visjonen til «Global Dignity» er at alle faktisk skal få leve verdige liv. «Global Dignity» vart stifta i 2006, av Kronprinsen, den finske Pekka Himanen og den amerikanske leiaren av «Operation Hope», John Bryant.

Dagens opplegg på Sogndal VGS er ein del av oppkøyringa av markeringa av «Global Dignity day» 17. oktober.

(Artikkelen held fram under intervjuet)

– To typar verdigheit

På spørsmål om kva verdigheit er for Kronprinsen, svarar han slik:

– Det er to ting kanskje. Det eine er den medfødte verdigheita, at alle har verdigheit i kraft av å vere menneske.

– Det andre er vel ein slags type verdigheitskapital, at vi kan styrke kvarandre sin verdigheit. Korleis vi oppfører oss mot kvarandre har betydning, seier Kronprinsen til NRK.

Fleire av ungdomane stod også på talarstolen og fortalte kva verdigheit er for dei. Kronprinsen seier han meiner ungdomane er modige.

– Dei er tøffe dei ungdomane, som står her og snakkar framfor 800 medelevar, seier han.

Kronprinsen vitjar Sogndal vidaregåande skule.