Hopp til innhold

KrF vil ha 500 nye tomter i Førde

KrF-politikar Bjørn-Harald Haugsvær ynskjer seg 500 nye tomter i Førdslia.

Førdslia

NYTT FELT: KrF i Førde vil plassere 500 tomter på platået bak Falkenstein, Presteholten og Grovene.

Foto: Oddleif Løset / NRK

KrF-politikaren trur AUF-leiar Thomas Gjertsen har rett når han kritiserer Førde-politikarane for å ikkje ha ein bustadpolitikk.

Bjørn-Harald Haugsvær ser at nyetablerarar ser til nabokommunane, og seier til Firda at Førde må kunne tilby attraktive tomter.

Difor ynskjer han å revitalisere Førde Tomteselskap og få fleire aktørar på bana i bustadbransjen.

– Eg har tru på sunn konkurranse for å få ned bustadprisane, seier han til Firda.

Byggje ut Førdslia

Bjørn Harald Haugsvær

KRF: Bjørn-Harald Haugsvær.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Haugsvær ser føre seg veg, bru og tunnel frå Indre Øyrane til platået bak Falkenstein, Presteholten og Grovene.

KrF-politikaren trur at 500 tomter i Førdslia vil kunne løyse noko av bustadkrisa i byen.

– Området ligg nært sentrum, har utsikt og sol, og kan sikre bustader til ulike grupper og dei som vil kjøpe seg ei tomt for å byggje sjølv. Tanken er å få inn ulike entreprenørar og at bustadbyggjelaget kjem på bana for å byggje rimelege husvære for ungdom, seier han til avisa.

– Må byggje tett

Onsdag sa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell at han ynskjer tettare bustadbygging i storbyar, mellomstore byar og tettstadar som Førde, Florø og Sogndal.

I Sogndal slit studentane med å finne plass å bu i studietida. I dag skriv også Sogn Avis at auken i bustadprisane i Sogndal er heilt i landstoppen. Prisane har auka med 38 prosent frå 2008 til 2011. Snittprisen for ein einebustad på 150 kvadratmeter er i dag vel tre millionar.

Snittet for fylket er på 2,1 millionar, ein auke på 22,6 prosent i same periode.

– Vi vil trenge merksemd på å byggje tett i kjernen av byane og tettstadane, sa Solhjell til NRK.no.

Blir ikkje rimelegare

I Førde seier Haugsvær til Firda at både Opplysningsvesenets Fond (OPF) og dei andre grunneigarane i Førdslia er interesserte i grunneigaren.

OPF har kapital og vil stå for tilrettelegging og sal, men ynskjer også pengane att.

– Dette gjer prosjektet realistisk, seier han til avisa og vedgår at han ikkje trur at utbygginga her vil møte Gjertsen sitt krav om rimelegare bustader for ungdomar på kortsikt.