Hopp til innhold

Slik fekk kinesarane likevel oppleve norsk folkemusikk

I nær to år hadde Naustedalen Spelemannslag budd og gledd seg til folkemusikkfestivalen i Beijing. Så kom kontrameldinga.

I eit og eit halvt år planla Naustedalen Spellemannslag deltaking på ein kulturfestival i Kina. Kort tid før avreise kom beskjeden om at dei ikkje var ønska likevel. Men noko forklaring fekk dei ikkje.

Spelemannslag ikkje velkomne i Kina

Med berre tre månader att til avreisa, fekk dei beskjed om at verken dei eller andre deltakarar frå Norge var velkomne til folklorefestivalen i Beijing.

Spelte opp til dans ved den Kinesiske mur

SPELTE OPP: Naustedalen Spelemannslag fekk likevel spele opp til dans i Kina. Her ved den Kinesiske mur.

Foto: Oddveig Hjellum

– I sommar fekk vi plutseleg kontraordre at den festivalen vart ikkje vi med på. Vi fekk inga forklaring, og det var ikkje noko hjelp i å spørje heller. Vi fekk berre beskjed om at ingen norske grupper vart med i år, fortel medlem Oddleiv Hjellum.

Reiste som turistar i staden for musikantar

Men billettane låg klare, og dei kunne ikkje avbestillast. Løysinga var å bytte namn til Førde-gruppa og reise til Kina som turistar i staden for som musikantar. Dermed sette dei i gong med nye visumsøknader. Denne gong som turistar.

Oddleiv Hjellum og kona Oddveig

FEKK REISE: Oddleiv Hjellum og kona Oddveig i Kina.

Foto: privat

– Vi vart skuffa, for vi hadde jo øvd inn program, seier han og konstaterer at spelemennene fekk reise. Og kinesarane fekk oppleve norsk folkedans.

– Vi hadde jo visse baktankar då vi reiste. Vi dansa Masurka etter musikk rett framfor den kinesiske muren, og dansa til dømes ein songdans i ein stor park i Beijing, fortel Hjellum.

Han presiserer at dei heile tida spelte med opne kort overfor turoperatøren. Dei fekk beskjed av den nye turoperatøren at dei kunne ta med seg instrument, men etter ein prat med den norske ambassaden valde dei å likevel ikkje gjere det. Hjellum seier dei på ingen måte ville terge på seg nokon.

Stramt turistprogram

Festivalen har halde det gåande sidan 1999, og Hjellum fortel den i tal grupper er på lag like stor som den internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Naustedalen spelemannslag på Den Himmelske freds plass

OPPLEVING: Naustedalen spelemannslag på Den Himmelske freds plass .

Foto: ukjend

Reisefølgjet frå Sunnfjord fekk ikkje sjølve oppleve festivalen. Eit stramt turistprogram lot seg nemleg ikkje kombinere med særleg anna folkemusikkoppleving enn dei stod for sjølve.

– Det var tydeleg at turistar med pengar i lommane, det ville dei ha inn, seier han.

Straffeaksjon?

Dermed kom dei tilbake frå ein annleis, men likevel vellukka tur. Hjellum trur dei vart nekta deltaking fordi den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010. Dette likte ikkje dei kinesiske styresmaktene.

– Vi kan jo ikkje gjere noko anna enn å spekulere som alle andre. Det kan ha noko med å gjere med den innstramminga som Kina gjorde overfor norske borgarar, seier Hjellum.

Utanriksdepartementet vil ikkje spekulere i kvifor sunnfjordingane ikkje fekk delta i festivalen.

– Vi kjenner ikkje til kva som ligg til grunn for at denne gruppa sin deltaking i Beijing ikkje lot seg gjennomføre likevel, seier pressetalsmann Frode O. Andersen.

Ventar med ny tur

Spelemannslaget er allereie invitert tilbake til Kina, men Hjellum trur ikkje at det blir med det første.

– Eg trur nok at vi får avvente til den dagen utanriksministeren i Norge og Kina tek kvarandre i handa før vi seier ja til festivalar i Kina, seier han.