Hopp til innhold

Ein ambisiøs amtmann med litt heimlengsel var starten på fylket

I dag, onsdag 19. september, er Sogn og Fjordane fylke 249 år gamalt, og neste år feirar me 250 år som eige fylke. Alt takka vera ein kauping med høge ambisjonar - og litt heimlengsel.

Joachim de Knagenhjelm og Kaupanger Hovedgård

HER STARTA DET: Joachim de Knagenhjelm stifta Sogn og Fjordane, eller Nordre Bergenhus Amt som det deitte, i 1763. Her ser me også Kaupanger Hovedgård der Knagenhjelm budde. Knagenhjelmslekta bur her framleis.

Foto: Ukjend / Kjell Arvid Stølen / NRK

I dag vart programmet for korleis det skal markerast at Sogn og Fjordane er 250 år i 2013, presentert. Det blir arrangement gjennom heile året, alt for å feira at me vart vårt eige fylke i 1763.

Programmet vart presentert på Dei Heibergske Samlingar Sogn Folkemuseum på Kaupanger i dag - ein naturleg plass å offentleggjera ei slikt festprogram. For det var på Kaupanger det heile starta.

Ambisiøs kauping

Joachim de Knagenhjelm

AMBISIØS: Joachim de Knagenhjelm.

Joachim de Knagenhjelm vart fødd på Kaupanger i 1727. Han utdanna seg som jurist i København, og vart fullmektig hjå amtmannen i Bergenhus Stiftsamt kring 1760.

– Etter nokre år fann han ut at han ville ha eit betre embete, for å sei det litt spøkjefullt, seier Anders Timberlid. Timberlid er ein av dei som skal vera med å skriva fylkessoga om Sogn og Fjordane.

Fekk først nei

I 1762 sendte Knagenhjelm brev til kongen i København der han spurde om han kunne dele amtmannen sine oppgåver i Bergenhus med stiftsamtmann Ulrik Fredrik de Cicignon. Cicignon tykte dette berre var fint at Knagenhjelm ville ta meir ansvar, men kongen sa nei.

Men den ambisiøse kaupingen gav seg ikkje.

– Då gjer han det grepet at han vil stifta eit heilt nytt fylke, og det går kongen med på, seier Timberlid.

I 1763 vart Nordre Bergenhus Amt stifta.

– Det var ikkje noko folkekrav om å bli eit eige fylke, dette kom frå toppen. Dette var noko han fann på sjølv, seier Timberlid.

I 1771 vart konfliktane mellom det å vera blant fylkets største skogeigarar og amtmann for stor, og han flytte til Nordland for å ta den same stillinga der oppe.

Til neste år feirar med 250 år som eige fylke. Og det takka vera ein ambisiøs kauping som ville flytta heim.