Hopp til innhold

Jubileumsfeiring "heile" 2013

– 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke skal feirast i heile fylket og gjennom nesten heile året, sa leiaren i hovudkomiteen, Åshild Kjelsnes, då hovudkomiteen la fram den første lista over arrangement.

Pressekonferanse om 250-årsjubileet til fylket

PRESSEKONFERANSE: Frå v. fylkesvaraordførar Jenny Følling, fylkesordførar Åshild Kjelsnes, fylkesmann Anne Karin Hamre og prosjektleiar Edvin Helgheim.

Foto: Arve Uglum / NRK

Men omfanget er avhengig av lokale arrangørar, som kommunar, skular, lag og organisasjonar.

– No gjeld det berre å halde seg frampå og bli med på festen, seier prosjektleiar Edvin Helgheim.

På ein pressekonferanse på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen vart planane for jubileumsfeiringa presenterte. Så langt er det 19 punkt på lista over arrangement, det første 2. mars og det siste 22. september 2013.

Under kan du lese det førebelse programmet for jubileumsfeiringa (opnar seg i eige dokument) .

Hovudfeiringa 19. september 2013

Det var 19. september 1763 Nordre Bergenhus Amt vart etablert med Joachim de Knagenhielm som den første amtmannen. Difor er hovudfeiringa lagt til 19. september 2013 på Leikanger.

Dagen før er det historiedag på Høgskulen i Sogndal, om kvelden den 19. er det jubileumsmiddag i Balestrand og den 20.september blir det ein framtidskonferanse i Balestrand, der alle som vil, kan delta.

På pressekonferansen vart logoen for fylkesjubileet presentert for første gong. Det vart reklamefirmaet AtilÅ i Florø som fekk oppdraget med logoen etter ei anbodsrunde, og dei har laga ein optimistisk logo som dei seier skal symbolisere:

Fjell – dal – hav – fjord – reint – isbre – abstrakt – kreativ – nysgjerrig – tydeleg – oppover . frisk – smil – fart – innovativ – framtidsretta – proaktiv!

Jubileumslogo SFJ 250 år

LOGO: Slik blir jubileumslogoen.

Vil få fram historia og notida

Åshild Kjelsnes understreka at målet er både å vise fram historia til fylket og utviklinga innan fleire samfunnsområde fram til i dag.

– Det blir viktig å presentere fylket nett no med sitt nærings- og samfunnsliv, og ikkje minst vil fylket sitt kulturliv vise seg fram på ei rekke arrangement, presentasjonar og utstillingar, og idrett og folkehelse skal få sin plass.

På pressekonferansen deltok og historikargruppa som jobbar med fylkeshistoria. Dei presenterte sitt prosjekt, og kunne m.a. fortelje at dei skal ha manuset til fire historiebøker klare til juni 2015. Gjennom jubileumsåret vil dei ha ein del historiekveldar rundt om fylket i tillegg til historieseminaret 18. september.

Oddmund Hoel

SKAL SKRIVE HISTORIA: Oddmund Hoel er med i gruppa som skal skrive fylkeshistoria.

Foto: Arve Uglum / NRK