Hopp til innhold

«Dagmar» til besvær for jegerane

Ni månader etter at orkanen herja over Norge, byr «Dagmar» på store utfordringar for ein god del jegerar.

Nedfalls

UTFORDRINGAR: Det er ikkje berre hjorten som gjer jakta utfordrande for jegerane. Under årets jakt må jegerane også forsere store mengder vindfall.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Orkanen la ned 1,5 millionar kubikkmeter skog då den feia over landet i romjula. Av dette 300.000 kubikkmeter i nabofylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Vindfallet gjer det enkelte stadar umogleg å jakte etter orkanherjingar.

– Vi kjem kort og greitt ikkje inn i skogen for å få fram dyra, seier jaktsjef i Endal Jaktlag i Bremanger, Bjarte Endal.

Måtte klatre

Jaktlaget har fått øydelagt eit av sine beste jaktområde. Heile granfelt og store mengde einslege tre vart velta over ende i det fryktelege uvêret i romjula. I Endal er delar av fjellsida rasert.

Orkanskade på skog.

VINDFALL: Den kraftige vinden under «Dagmar» la ned mykje skog som no gjer det utfordrande for jegerane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Trea ligg i alle retningar og då må vi klatre over trea. Enkelte felt, spesielt granfelt, er det umogleg å ta seg fram, fortel Endal.

– Kor store område er det vanskeleg å jakte?

– Strekningar på to til tre kilometer, mellom Endal og Askeland. Eg har prøvd å gå der med gevær, og måtte hive geværet på skuldra og klatre. Dyra er der, men du ser dei berre forsvinne. Det er ikkje mogleg å gjere noko med det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her var Dagmar

HERJA: Her råka «Dagmar» Sogn og Fjordane.

Foto: Statens vegvesen / Grafikk

Umogleg å rydde

Storviltjakta i Norge er dei fleste stadar synonymt med å jakte i skogen. Men heile felt med smågran delvis nedlagde og furuskog på kryss og tvers gjer det mest umogleg å kome til og rydde opp. Slik er det også med lauvskog i bratt og ulendt eller myrlendt terreng.

Far og son Hans Petter og Martin Gilleshammer fortel at også delar av hjorterike Kjølsdalen i Eid er råka.

– På Leite, Humborstad, Horn, Sundal, Bugjerde og Eikås. Den sida var det mykje vindfall, seier far Gilleshammer.

– Jakta er øydelagd

– Så mykje at det ikkje er råd å gå. Eg trur hjorten også har vanskeleg for å komme seg fram. Der øydelegg det eigentleg heile jakta, sukkar sonen.

«Dagmar» herja mest i Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal, Hordaland og Sogn og Fjordane. Alle fylke med omfattande skogsjakt på hjort og elg.

Men det er ikkje berre herjingane romjulsorkanen som framleis er godt synlege.

– Grunneigarane sitt ansvar

I tillegg ligg også vindfall etter nyttårsorkanen i 1992 til hinder og vanskar for jakta.

Roar Skuterud

SEKSJONSSJEF: Roar Skuterud.

Foto: Geir Otto Johansen

Seksjonssjef Roar Skuterud i Direktoratet for Naturforvaltning seier det er grunneigarane som har ansvaret for tilrettelegging av jakta, ved opprydding etter orkanen.

– Gjennom jakttider og andre reguleringar, legg direktoratet til rette for at jakta går føre seg på ein human måte, seier han.

– Kan grunneigarane påleggjast opprydding?

– Nei, det kan eg ikkje skjønne. Det er i så fall gjennom det skogbruksmessige det må kunne skje. Direktoratet har ikkje noko verkemiddel i den samband.