Hopp til innhold

Dykkarar håpar å vinne fram mot staten i menneskerettsdomstolen

Nordsjødykkarane som i dag la fram saka si for menneskerettsdomstolen i Strasbourg føler at dei blir tekne på alvor. Håpet er at den norske stat til slutt skal måtte ta ansvar for helseskadane dykkarane fekk i Nordsjøen.

Magn Håkon Muledal

STRASBOURG: Magn Håkon Muledal frå Førde håpar at han og dei andre nordsjødykkarane skal vinne fram i menneskerettsdomstolen.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Pionerdykkar Magn Håkon Muledal frå Førde har ei god magekjensle etter at han saman med seks andre nordsjødykkarar tysdag la fram saka si for menneskerettsdomstolen.

Dykkarane vil ha erstatning for skader dei fekk når dei jobba i Nordsjøen. Etter å ha tapt saka i både lagmannsretten og Høgsterett håpar dei no at menneskerettsdomstolen i Strasbourg skal setje eit endeleg punktum i saka.

– Vi føler vi blir tekne på alvor, seier Muledal til NRK.no.

Har kjempa ein lang kamp mot staten

Muledal starta som yrkesdykkar i 1978, men i 1989 måtte han gje frå seg dykkarsertifikatet etter at han fekk ein alvorleg lungesjukdom. Sidan har han vore delvis arbeidsufør.

Saman med fleire kollegaer gjekk han til sak mot staten, men etter at dei først fekk gjennomslag, tapte dei seinare i lagmannsretten. Til slutt forkasta også Høgsterett anken, men nordsjødykkarane ville ikkje la saka ligge.

No er saka altså lagt fram for menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Tysdag møtte dykkarane opp med sine advokatar, på andre sida av bordet står den norske stat.

Den europeiske menneskerettsdomstolen skal no avgjere om dei skal ta saka eller ikkje. Muledal seier til NRK.no at han håpar det går rette vegen.

– No er det dommarane som trekkjer seg tilbake og skal jobbe med det. Skal ein vere pessimist, så kan vi jo bli avviste, men det håpar vi ikkje skjer, seier Muledal.

Krev meir i erstatning

Ifølgje Aftenbladet.no tilkjente Stortinget i 2004 dykkarane ei erstatning på opp til 40 gangar grunnbeløpet i folketrygda (G), noko som den gong var rundt 2,4 millionar kroner. Uavhengig av avgjerda i Strasbourg ønskjer pionerdykkarane ei politisk løysing på saka.

Aftenbladet skriv at kravet er ei erstatning på tilsvarande 65 G, noko som er det same som soldatar skadd på utanlandsoppdrag får.

Dykkarane er altså allereie tilkjent ei erstatning på 40 G og Henning Haug som er leiar i Offshore Dykkernes Union (ODU) seier til avisa at dei no krev dei resterande 25 G. Dette svarar til i underkant av to millionar kroner.

– Faktum er at vi har ein populasjon av dykkarar som enten er skadde eller døde, og det meiner vi staten er ansvarleg for, seier Haug til Aftenbladet.

– Dei behandla oss skammeleg

Muledal meiner det er ein delsiger i seg sjølv at saka no blir vurdert av menneskerettsdomstolen. Han trur at dei kan vente seg ei avgjerd innan to veker og er svært spent på utfallet.

– Vi håpar at vi endeleg kan få has på staten og at dei skal måtte innrømme at dei behandla oss skammeleg medan vi heldt på dei første åra.

– Det er det viktigaste for oss, at dei må innrømme ansvar, seier Muledal til NRK.no.

Dersom dykkarane skulle vinne fram i menneskerettsdomstolen vil dette også få konsekvensar for fleire dykkarar, i tillegg til deira etterlatne og pårørande.