Hopp til innhold

Høgsterett avviste erstatning

Nordsjødykkar Magn Håkon Muledal har vore delvis arbeidsufør sidan 1989. I dag vart saka avgjort på høgste hald.

Magn Håkon Muledal

FORKASTA ANKE: Magn Håkon Muledal er skuffa etter at Høgsterett avviste anken til dei fire offshoredykkarane.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

I 1978 starta Magn Håkon Muledal frå Førde som yrkesdykkar. I 1989 måtte han gje frå seg dykkarsertifikatet etter at han pådrog seg ein alvorleg lungesjukdom.

Sidan då har han vore delvis arbeidsufør.

Vann i tingretten

I 2007 saksøkte Muledal staten saman med kollegaene Angus Gunnar Kleppe, Åsbjørn Jørgensen og Dag Vilnes.

Ifølgje Aftenposten var søksmålet frå Muledal på opp mot 17,8 millionar kroner .

Dykkarane fekk gjennomslag i Oslo tingrett , men tapte seinare i lagmannsretten.

- Trudde på rettferd

Fredag forkasta Høgsterett anken. Tilbake står fire skuffa offshoredykkarar.

- Vi er sjølvsagt frykteleg skuffa, vedgår Muledal.

- De var lamslåtte då avgjerda fall?

- Ja, det var den første reaksjonen. Vi har vore førebudd på at det kunne gå den vegen, men vi trudde det fanst litt rettferd i dette samfunnet, seier Muledal.

- Eg har tidlegare sagt at dersom denne dommen blir ståande, har arbeidsgjevar i denne bransjen blankofullmakt til å skade folk og sleppe unna med det med staten si velsigning, legg han til.

To år i spenning

Då NRK snakka med Muledal fredag ettermiddag, hadde det gått knapt ein time sidan anken vart avvist.

Men: Dei fire dykkarane hadde allereie teke opp til vurdering om dei vil ta saka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Den endelege avgjerda vert teke av eit ekstraordinært årsmøte i offshoredykkarunionen.

- Korleis har dei to siste åra vore?

- Vi har levd i konstant spenning, og det har vore lite tid til andre ting. Det har vore dykkarsak heile tida, seier Muledal.