Hopp til innhold

Ein ny generasjon med lovande spelarar må ta ansvar i Jotun

Ein generasjon med unge lovande spelarar må vere med å dra lasset i Jotun. Målet for handballklubben er å vere i toppen av andre divisjon.

Den nye generasjonen i Jotun

NY GENERASJON: Mange unge spelarar må prestere og spele over evne for at Jotun skal halde seg i toppen av 2.divisjon, seier trenaren.

Foto: Alf Vidar Snæland

Trenar Olafur Sveinsson har klare ambisjonar om at laget skal vere blant dei fire beste laga i serien.

Olafur Sveinsson

TRENAR MED AMBISJONAR: Olafur Sveinsson seier dei nye spelarane må prestere.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det er klart at dei eldste spelarane må gå føre, vi veit at dei har rutine og erfaring til å lage mål. Men endå viktigare er det at dei unge presterer, seier trenaren.

– Over evne

– Dei unge må vise seg fram dersom vi skal vere på topp. Dei må kanskje til og med spele over evne.

I fjor var eit spesielt år med mange utanlandske spelarar, og sesongen vart tøff. Men trenaren har tru på at laget er godt samansett.

– I år er det heilt garantert mange unge som får speletid. Men Jotun har eit godt grunnlag og sterke profilar. Dei går føre og lærer opp dei unge. Så vi får ei god blanding av erfaring og rutine, seier Sveinsson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rebecca Brun Steinheim

MÅ PRESTERE: Dersom Jotun skal nå ambisjonane om vere blant dei fire beste laga i 2.divisjon må dei unge spelarane ta tak.

Foto: Alf Vidar Snæland

Tøffe kampar

I helga gav Førde laget frå Jotun ein tett kamp der Jotun til slutt vann med eitt mål.

Sveinsson trur at fleire lag kan gje dei konkurranse, som Førde og Fyllingen.

Men trenaren har til slutt ei viktig melding:

– Det vil eg presisere: Eg fryktar ingen!