Hopp til innhold

Morlaus oterunge fekk morsmjølk- erstatning og ein balje til seng

Ein liten oterunge vart funnen i pipande i vegkanten, då Erik Andresen på Stad gjekk søndagstur. Då mora vart funnen overkøyrd, fekk oterungen husrom i ein blå balje.

Oter

MORLAUS: Då otermora vart funnen påkøyrd og denne vesle oterungen låg pipande i vegkanten, fekk han heim i ein balje på Stad.

Foto: Privat

Det vart ein søndagstur utanom det vanlege for Erik Andresen og ein kompis. Dei høyrde piping frå vegkanten og fann oterungen, men trudde mora var i nærleiken.

Men då dei gjekk tilbake same vegen ein time etter låg ungen der framleis og peip, utan mor. Då dei kom heim og fekk vite at ein oter var funnen overkøyrd der dagen før, handla dei raskt.

– Vi kunne ikkje la oteren ligge der og pipe heile natta. Då kunne andre dyr ha komme og tatt den, seier Andresen.

Vaskebalje som seng

Så oteren fekk seg ein heim i ein blå vaskebalje i kjellaren, omtulla av handkle. Oterungen kan ikkje vere meir enn høgst eit par veker, tippar Andresen. Etter å ha ringt litt rundt, fekk dei tips om å gje den vesle sjarmøren morsmjølkerstatning.

– Mamma måtte gjere det, ho har litt meir tålmod, seier Andresen. Så med ei lita tåteflaske har oterungen fått i seg næring. Han søv for det meste.

Dyrehage

I dag kjem folk frå "Den lille dyrehage" på Brokelandsheia og hentar den vesle oterungen.

– Han vil få det betre der, seier vikar-far Andresen.