Hopp til innhold

Kristi knuste fem norske rekordar

14 år gamle Kristi Strømmen Kjerpeset sette denne helga ny norsk aldersrekord på 200 meter hekk. Dette er den femte rekorden denne sesongen, noko som er heilt unikt for ein norsk junior.

Kristi Strømmen Kjerpeset på veg mot siger og ny norsk bestenotering.
Foto: Tone Strømmen Kjerpeset

Friidrettsjenta frå Florø har vekt oppsikt med sine knallgode resultat denne sesongen, og ho er den første utøvaren frå Sogn og Fjordane som har sletta fem rekordar på ein sesong.

Denne helga sprang ho inn på tida 29,16 på 200 meter hekk, frå før har ho sett ny rekord i J14 på alle dei andre hekkdistansane.

Narve Heggheim
Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

– Kristi er eit heilt unikt talent i norsk samanheng, seier leiar i friidrettskrinsen Narve Heggheim. Sogn og Fjordane har aldri før hatt ein utøvar som har markert seg på så mange distansar, fortel han.

14 åringen frå Florø er heilt suveren i si årsklasse, og kan snart vere klar for langt større eventyr dersom ho gjer det like bra framover.

– Neste år vil ho få større konkurranse, og då kan ho og delta i fleire internasjonale stemne, fortel Heggheim. Han trur det vil vere bra for utviklinga hennar som friidrettsutøvar, for i dag har ho ikkje konkurrentar på sitt nivå.

Kjerpeset ein svært allsidig utøvar, med fantastiske resultat i mange øvingar, men leiaren i idrettskrinsen trur ho etter kvart må gjere eitt val.

– Kirsti må sjølvsagt velje kva ho vil satse på, men eg meiner ho har eit heilt spesielt talent for 400 meter hekk. Ho har ein heilt unik teknikk, som mange kan misunne henne, seier Heggheim.

Neste år vil talentet frå Florø kunne konkurrere med andre juniorar frå 15 til 19 år, og ho kan også prøve seg på seniornivå. Det å ha ein eldre bror, hekkeløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset, er heller ikkje så dumt.