Hopp til innhold

Vårt kontrastrike vêrfylke

Medan det meste av Sogn og Fjordane hadde stabilt regnvêr hadde indre Sogn eit glimt av godvêr fredag.

Lærdalsøyri i solskin 14.9.2012

LÆRDALSØYRI I SOL: Slik såg det ut ei stund fredag.

Foto: Jan Christian Jerving

Jan Christian Jerving er syklande landpostbod i Lærdal, og han hadde sol og 14 grader på ein del av postrunden sin. Men når rett skal vere rett så var det også regnbyer på ein av dei tørraste stadene i landet denne fredag den 14. september.

Berre 22 millimeter siste månaden

For ein som har arbeidsplassen sin utandørs er det ikkje berre lett å avgjere korleis ein skal kle seg når det varierer så kraftig, seier Jerving, som tok bilete av det kontrastfylte haustvêret.

– Det er sanneleg ikkje lett. Dagen i dag starta med tunge skyer med regnbyer. Ein time etterpå skein sola. Godt og varmt var det ei stund. Men det varte ikkje så lenge før det kom ei ny regnbye. Vi hadde vel ein og ein halv time med sol.

Og slik har det stort sett vore i Lærdal i september. Men det er ikkje dei store nedbørsmengdene som kjem. Sonen til Jerving styrer med vêrobservasjonane på Lærdalsøyri, og han kan rapportere at det ikkje har kome meir enn 22 millimeter siste månaden.

Førde med regnver 14.9.2012

PARAPLYVÊR: Førde sentrum i 12-tida fredag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Meir regn på ein dag i Førde

Og det er ikkje meir enn det kjem på nokre timar andre stader i Sogn og Fjordane. I Førde har det vore jamnt silregn heile fredagen.

Olai Tefre måler nedbøren i Førde, og han kan fortelje at fram til klokka 14 hadde det kome mellom 15 og 20 millimeter nedbør fredag, med andre ord bortimot like mykje som siste månaden på Lærdalsøyri.

– Det meste eg har målt på eitt døgn no i haust er litt over 30 millimeter, og det er i grunnen ikkje så veldig mykje her. Men det har regna jamnt, det har det, seier Tefre.

Rett nok har nedbørsintensiteten variert litt, og i nokre få sekund viste sola seg, også i Førde.

Og som nemnt så kom det nokre dråpar også på Lærdalsøyri.

Lærdalselvi i regnver 14.9.2012

DET REGNAR I lÆRDAL OG: Slik såg det ut ved Lærdalselvi eit par timar etter at sola hadde vist seg fram.

Foto: Jan Christian Jerving