Hopp til innhold

Stengt Filefjell øydelegg for drifta

– Omsetninga ved Tyinkrysset Fjellstue har gått dramatisk ned etter vegstenginga over Filefjell, seier dagleg leiar, Anders Lykken.

Anders Lykken
Foto: Statens Vegvesen/Privat

– Vi lever av å selgje mat til vegfarande. Men når det ikkje er vegfarande seier det seg sjølv at dette er drepen for ein plass som Tyinkrysset.

Permanent stengd

Vegvesenet driv vedlikehaldsarbeid på vegen som er ei ferdselsåre mellom Aust- og Vestlandet. E-16 over Filefjell har vore stengt på kvardagar i fleire veker, men etter at det rasa sist veke ved Maristova stengde Vegvesenet vegen permanent fram til 12.oktober.

Anders Lykken understrekar at han svært gjerne ønskjer ein betre veg over Filefjell, og at fjellstova på sikt vil tene på det. Men per i dag går stenginga utover drifta deira.

Sel færre middagar

– Under normale forhold sel vi 50 middagar. I går selde vi 12. Då skjønar alle kvar dette ber, seier ein fortvila Anders Lykken.

Lykken seier dei på eit eller anna vis må komme seg gjennom dette. Men det vil på sikt mellom anna gå utover opningstidene.

– Med den maskinparken anleggsarbeidarane har i dag, burde entreprenørane kunne ha laga ei mellombels passasje. Det burde vore kalkulert inn i planane, seier Lykken.

Beklagar stenging

Prosjektleiar for Filefjellsvegen, Oddvin Ylvisaker, beklagar stenginga overfor dei som slit økonomisk.

– Denne stenginga var ikkje planlagd slik og det er heilt umogeleg å lage ein mellombels passasje. Vi beklagar at det har blitt slik. Vi jobbar på spreng for å få opna vegen så tidleg som råd, seier Ylvisaker.