Hopp til innhold

Våt streik mot sosial dumping

I vått haustvêr og med få tilhøyrarar markerte ei handfull medlemmer i Fagforbundet sin motstand mot sosial dumping.

Politisk streik mot sosial dumping

DEI STØTTAR KOLLEGAER: Medlemmer i Fagforbundet i politisk streik.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mellom klokka 12.00 og 12.45 fredag var medlemmene i KS-området i Fagforbundet i Førde tekne ut i politisk streik. Dei støttar med denne markeringa medlemmene i Fagforbundet som er i streik på private sjukeheimar.

I alt 79 medlemmer ved ti privatdrivne sjukeheimar i Oslo, Akershus og Hordaland streikar for å få same pensjon som dei som arbeider i offentlege institusjonar. Slik det er i dag får dei 30.000 kroner mindre i året sjølv om løna er lik.

Solveig Norevik, fylkesleiar i Fagforbundet

- FULL STØTTE: Fylkesleiar Solveig L. Norevik i Fagforbundet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vil ikkje ha A- og B-lag

Fylkesleiar Solveig L. Norevik i Fagforbundet Sogn og Fjordane sa i sin appell at dei 79 streikande har full støtte frå kollegaene rundt heile landet.

– Vi vil ikkje ha eit A-lag og eit B-lag. Dei kjempar for heilt rettmessige og sjølvsagde vilkår.

Ho seier at medlemmene hennar er klare over at det er ein viktig og prinsipiell kamp som no føregår.

– Vi skal ikkje sjå bort frå at vi får privat drift av sjukeheimar også her i Sogn og Fjordane. Med den haldninga NHO Service har vist i denne saka er det noko vi ser fram til med skrekk og gru.

Arvid Langeland

- SKREMMANDE: LO-sekretær Arvid Langeland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Redd for cowboy-tilstandar

I regnvêret på Elvetorget i Førde var det nok ikkje så mange som tok notis av markeringa. LO-sekretær Arvid Langeland håpar likevel at folk merkar seg den politiske streiken, for han ser ikkje bort frå at slike tilstandar kan spreie seg også til Sogn og Fjordane.

– Dette som skjer på dei private sjukeheimane er med på å undergrave etablerte løns- og arbeidsvilkår som vi har brukt årevis på å byggje opp. Difor er det heilt utruleg at NHO Service legg seg på ei slik linje, men OK, vi skal ta opp kampen.

Langeland er redd for det han kallar cowboy-tilstandar dersom det blir etablert fleire private sjukeheimar med dei same pensjonsvilkåra som det 79 organiserte no streikar mot.

– Det er skremmande at det er dei tilsette sine løns- og arbeidsvilkår dei kan ta noko av for å få overskot på drifta.

Politisk streik Fagforbundet 14.9.2012

VÅT MARKERING: Vêret gjorde at det ikkje akkurat var folksamt på Elvetorget i Førde under markeringa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK