Hopp til innhold

Mann i 20-åra mistenkt for å ha køyrt bil i ruspåverka tilstand

Ein ung bilførar er pågripen i Høyanger, mistenkt for å ha køyrt bil i påverka tilstand.

Høyanger sett frå Bugeheia
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Føraren, som er i 20-åra, vart etter tips frå vitne stogga i 05-tida i sentrum av industristaden.

Etter å ha stogga bilføraren, meinte politiet det var grunnlag for å ta saka vidare. Karen blir no framstilt for blodprøvetaking.