Hopp til innhold

Køyrd til sjukehus etter velten

Ein utanlandsk vogntogførar vart køyrd til sentralsjukehuset etter at vogntoget velta i grøfta. Alt tilgjengeleg redningspersonell rykka ut.

ulukke hafslo

SKMULAGT: Folk frå brannvesenet i Sogndal skumla deler av vogntoget som velta ut i grøfta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Klokka 22.33 onsdag kveld fekk politiet melding frå ein forbipasserande bilist om at eit vogntog hadde velta i Kvamssvingane mellom Hafslo og Sogndal på fylkesveg 55.

– Etter det vi har grunn til å tru har føraren av vogntoget sluppe unna ulukka nærast uskadd, opplyser politiet til NRK.

AMK stadfestar i morgontimane torsdag at føraren var til sjekk ved Førde sentralsjukehus.

Då NRK kom til staden onsdag kveld, var brannvesenet i gong med å kartleggje kva last vogntoget hadde. Då hadde dei alt skumlagt deler av bilen i frykt for eventuelle drivstofflekkasjar.

– Til alt hell var vogntoget lasta med pappemballasje, opplyser politiet.

Natt til torsdag var det ikkje avklara når ein skal gjere eit forsøk på å få bilen opp att på vegen, men den mykje trafikkerte vegen mellom Sogndal og Luster vil då vere stengt i perioden berginga pågår.