Hopp til innhold

Ver med på Klassequizen!

Har skulen din meldt seg på Klassequizen i NRK Sogn og Fjordane? Viss ikkje er det enno ikkje for seint.

Klassequizen
Foto: NRK

Fristen for å melde seg på er torsdag 20. september. Klassequizen er ein uhøgtideleg kunnskapskonkurranse for elevar i 10. klasse.

Kvar skule kan stille med eit lag på tre elevar. Kvar skule er først med i ein kvalifiseringsrunde, med start rundt midten av november. Ein reporter frå NRK Sogn og Fjordane kjem til skulane og stiller spørsmåla, og det heile blir sendt i lokalradioen.

Finale på TV

Dei beste laga går vidare til ein fylkesfinale i studio i Førde, og vinnaren der går vidare til den nasjonale finalen som blir send på NRK1 (TV) utpå våren.

Så kjære rektorar/10. klasselærarar: Send inn påmeldinga innan 20. september til kjell.arvid.stolen@nrk.no.

Merk påmeldinga Klassequizen.

Brosjyren er send til skulane. Men du finn den her og:

Klassequizen side 1 og 2

Klassequizen side 3 og 4