Hopp til innhold

Køyrde 40 mil med falske skilt

Med falske kjennemerke på bilen sin, la den unge nordfjordingen ut på vegen. I Stryn vart det stogg.

Mannen la alle korta på bordet då politiet oppdaga bilen med dei falske kjennemerka i mai i år.

Nordfjordingen i 20-åra erkjende at han hadde fått skilta tillaga, og sett desse på sin avskilta bil. Desse hadde han på dei 40 mila han køyrde til Stryn.

Mannen vart også i juni i fjor dømd for dokumentfalsk. Då varta han også dømd for forsikringsbedrageri. Straffa var på 36 dagar fengsel med prøvetid på to år.

Køyreturen frå Austlandet i mai i år, skjedde såleis i prøvetida av denne domen. Retten landa på fengsel i 30 dagar. 15 av desse slepp mannen å sone så sant han held seg på rette side av lova dei neste to åra.