Hopp til innhold

Seks for harde på gassen på E16

Seks bilistar måtte punge ut etter ein fartskontroll på E16 i Lærdal tysdag kveld.

Utrykkingspolitiet hadde i går stilt seg opp i ei 60-sone på Ljøsne i Lærdal. Kontrollen på E16 varte frå klokka 17 til 22, og i løpet av kontrollen var det fleire som måtte stogge for ein prat med lovas lange arm.

Til saman var det seks bilistar som fekk forenkla førelegg fordi dei køyrte for fort. Høgste målte fart var 78 km/t.