Hopp til innhold

Stod midt i vegen og truga med kniv

Mannen som i går kveld vart arrestert i ein væpna politiaksjon på Kaupanger, skal ha stått midt i vegbana på riksveg 5 og oppførte seg trugande overfor ein bilist.

Minst seks politimenn vart i går kalla ut til den væpna aksjonen på Kaupanger. Ein mann i 20-åra vart like etter klokka 22 arrestert utanfor heimen sin etter at han hadde truga fleire personar med kniv.

Lensmann i Sogndal, Åge Løseth, seier dei fekk fleire meldingar om den trugande oppførselen.

– Rundt klokka 20 fekk vi melding om at ein mann var observert inne på Kaupangersenteret med kniv.

– Kort tid etterpå fekk vi melding om at den same mannen stod midt ute i vegbana på Kaupanger. Der oppførte han seg på ein slik måte at ein bilist kjente seg truga, seier Løseth til NRK.no.

Mistanke om rus

Lensmannen ønskjer ikkje å gå i detalj om kva form for trugslar mannen skal ha kome med, men seier at det var knivbruken som gjorde at bilisten følte seg så truga at vedkommande reiste frå staden.

Løseth stadfestar at mannen er ein kjenning av politiet, men vil ikkje seie noko meir om kva mannen har gjort tidlegare.

Politiet mistenkjer at mannen var rusa.

– Vi mistenkjer ruspåverknad. Det er teke blodprøve så dette får vi eventuelt stadfesta når resultata er klare, seier Løseth til NRK.no.

Arrestert etter to timar

Dei første meldingane om mannen fekk politiet rundt klokka 20 måndag kveld. Først like over klokka 22 vart mannen arrestert.

– Bakgrunnen for det er at vi ein periode var usikre på kor mannen var, seier Løseth som også grunngjev tidsbruken med den taktiske tilnærminga til plassen der mannen til slutt vart arrestert.

– Pågripinga skjedde utan dramatikk. Mannen vart arrestert rett utanfor huset sitt, seier Løseth.

Minst seks polititenestemenn deltok i aksjonen.

– Av omsyn til eigen tryggleik, sikta og publikum generelt valte vi å bruke litt ressursar på dette, for å sikre at ikkje noko gjekk gale, forklarar lensmannen.