Hopp til innhold

No blir det grått, vått og kvitt

Det blir både vått og grått når restane av dei tropiske stormane «Leslie» og «Michael» treff rett på Vestlandet denne veka. Kvitt blir det også.

Sognefjellet.

BLIR SNØ: Bilistar som har tenkt seg over Sognefjellet dei neste dagane bør sterkt vurdere å skifte til vinterdekk.

Foto: Webkamera Sognefjellshytta

Det er ikkje tvil om at nedbørsmengdene vil bli store dei neste dagane.

Men når også temperaturen går ned, vil nedbøren komme i form av kvitt pudder i høgfjellet.

– September, oktober og november plar vere dei våtaste månadane. At vi allereie før vi er komne midtveges i september vil oppleve nysnø på høgfjellsovergangane er nok meir uvanleg, seier statsmeteorolog Ivar Hjellestad.

Store nedbørsmengder

Prognosane til yr.no viser at det enkelte stader kan komme opp mot 100 millimeter nedbør på eitt døgn. No er dette i verste fall.

Meteorologen seier at store nedbørsmengder er på veg, og at fasiten for dei neste fire døgna kan bli 100-150 millimeter for enkelte stader.

– No har det kome kring 300 millimeter dei siste 30 døgna. Erfaringsmessig har restane etter tropiske syklonar med seg ein god del fukt og bidreg til å gjere nedbørsmengdene litt større enn dei plar, seier Hjellestad.

Våtast fredag

September er vanlegvis mellom dei mest nedbørsrike månadane. Dei venta nedbørsmengdene kommande døgn gjer at Vêrvarslinga har sendt ut OBS-varsel for Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Store nedbørsmengder til først på tysdagen ser ut til å bli følgd opp av ein rolegare periode fram til fredagen. Så tek det laust att.

– Det kjem mykje nedbør det kommande døgnet, men førebels ser det ut til at fredagen blir våtare, seier Hjellestad.

Snø i fjellet

Likevel er det ikkje nedbørsmengdene som er årsaka dersom Hjellestad hevar augebryna over vervarselet.

– Om det er noko som kan skildrast som veldig uvanleg oppe i dette, så er det nok at det allereie før midten av september vil få problem med snø på høgfjellsovergangane. Bilistar som skal over høgfjellsstrekningane kan bu seg på snøføre dei neste dagane, seier han.

– Søndag var det opp mot 20 grader enkelte stader, men to dagar seinare så vil det altså liggje snø i vegen. Og ein skal ikkje så frykteleg høgt før det kan bli problematisk med sommardekk, seier Hjellest.

Tysdag kjem snøen

Kollega Kjersti Oppstad Strand seier at temperaturen allereie tysdag vil byrje å krype nedover i låglandet. Og tilsvarande i fjellet.

Ser ein til dømes på prognosane for Strynefjellet, Sognefjellet og Vikafjellet blir det både nedbør og kuldegrade.

– Nysnø i fjellet vil bli meir og meir vanleg. Frå tysdag kveld er det venta snøbyger i høgfjellet, og onsdag er det venta snøbyger over 1.200 meter. Ein må berre tenkje positivt, seier Oppstad Strand.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.