Hopp til innhold

Fryktar ras - stengjer fylkesveg

Sist tysdag opplevde ein bilist marerittet då ein stein dundra ned i panseret. No er det venta så store nedbørsmengder at Vegvesenet har valt å stengje vegen i området.

Stein knuste panseret på bil

VIL IKKJE AT DETTE SKAL SKJE IGJEN: Sist tysdag slapp ein bilførar med skrekken då ein stor stein dundra ned i panseret på bilen hans.

Foto: NRK.no-tipsar

Tidleg måndag morgon melder Statens vegvesenet at dei no stenger fylkesveg 616 mellom Isane og Dombestein i Bremanger.

Erfaringsmessig kan det losne både jord- og steinmassar i fjellsida når vêret er dårleg, og Vegvesenet tek ingen sjansar.

– Det er kome ned mykje nedbør i natt, og det er meldt veldig mykje nedbør i løpet av dagen. Til natta kjem og i morgon kjem det endå meir, seier byggjeleiar Ann Kristin Nes i Statens vegvesen til NRK.no ved 08.15-tida måndag morgon.

Fleire har vore heldige på strekninga

Tysdag kveld hadde ein bilførar marginane på si side då ein stor stein plutseleg dundra rett ned i panseret hans på denne strekninga. Mannen fortalde til NRK at vêret i området var svært dårleg då steinen kom frå fjellsida.

– Eg såg i sidesynet at steinen kom, men alt skjedde så fort at eg ikkje rakk å tenkje før det small, fortalde bilføraren til NRK.no.

– Eg er glad eg er i live.

Det er ikkje første gong det kjem steinar ned i vegen her. i fjor vinter var ein annan bilist nær ved å bli knust då fleire store steinar kom ned i vegbana.

– Det var mørkt, vegen var våt og svart. Då eg innsåg at eg køyrde inn eit ras måtte eg berre trakke på bremsa, men vegen var sleip av mold og jord, så det måtte berre gå som det gjekk, fortalde Leidulf Isene til NRK.no i desember i fjor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stengjer fylkesveg 616 i Bremanger på grunn av rasfare

STENGD: Her møter bilistane stengd veg i Davik i Bremanger. Store nedbørsmengder gjer at Vegvesenet stengjer vegen for å vere på den sikre sida.

– Det kan kome ned

Byggjeleiar for Statens vegvesen på denne strekninga, Ann Kristin Nes, seier til NRK.no at dei veit at fjellsida her er skummel.

– Det er ei bratt fjellside med mykje vegetasjon og lause blokker som ligg oppe i fjellsida. Når det er mykje vind og nedbør så byrjar det å røre seg og då kan det kome ned, seier ho til NRK.no.

Etter hendinga sist veke har det blitt kontakta av fleire som er uroa for tryggleiken på strekninga.

Usikkert kor lenge vegen blir stengd

For å vere på den sikre sida har Vegvesenet no altså valt å stengje vegen. Kor lenge vegen blir stengd kan Nes ikkje seie for sikkert.

– Ting kan endre seg, så vi må vurdere det etter kvart, seier Nes og legg til:

– Vi reknar med at det blir stengd i dag og i natt, og så får vi ta ei ny vurdering tysdag morgon, seier byggjeleiaren.