Hopp til innhold

– Ho er ein heilt spesiell utøvar

Leiaren i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane er full av lovord om Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø. Sjølv om Narve Heggheim har følgd Florø-jenta i mange år vart han veldig imponert over prestasjonane i helga.

Kristi Strømmen Kjerpeset

SPESIELL: Kristi Strømmen Kjerpeset kom heim frå NCC-leikane med norsk rekord, fire gull, sølv og bronse. Det er imponerande meiner friidrettsleiar i fylket.

Foto: Narve Heggheim

14-åringen frå Florø kjem heim frå NCC-leikane på Osterøy med ikkje mindre enn fire individuell gull. I tillegg sikra ho bronse saman med stafettlaget frå fylket og ho kan også smykke seg med sølv på 200 meter.

– Ho er ein topputøvar som presterer godt i veldig mange disiplinar, seier Heggheim og legg til:

– Kristi er ein heilt spesiell utøvar.

Sletta 24 år gamal rekord

Kristi Strømmen Kjerpeset gjorde nesten reint bord under friidrettsstemnet utanfor Bergen denne helga. 14-åringen deltok i seks øvingar og tok med seg medalje heim i alle. Strømmen Kjerpeset er veslesøstera til Øyvind Strømmen Kjerpeset, også han ein talentfull friidrettsutøvar.

– Det vart gull i 60 meter hekk, 200 meter hekk, 60 meter og lengde. På 200 meter tok eg sølv og på stafetten tok laget frå Sogn og Fjordane bronse, seier Strømmen Kjerpeset til NRK.no.

På 60 meter hekk sletta Florø-jenta ein 24 år gamal rekord. Med tida 8,97 skreiv ho seg også inn i historiebøkene som den aller første jenta i Norge denne aldersgruppa som spring i mål under den magiske nisekundsgrensa.

– Den prestasjonen er heilt spesiell, seier Narve Heggheim som er leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane.

Ho har potensial

Heggheim har følgd med på prestasjonane til den unge jenta frå Florø i fleire år og trur det kan bli mange store prestasjonar i åra framover.

– Ho har potensial til å nå veldig langt. Ho må ha litt hell med seg og sleppe skader, men ho har alle moglegheiter til å nå langt i internasjonale meisterskap om å ho held fram med denne utviklinga, seier Heggheim til NRK.no.

Han viser til at ho allereie i dag er blant dei beste i denne alderskategorien i Norden og at ho i hekk er på nivå med dei beste i Europa.