Hopp til innhold

Uvanleg stille laurdagsnatt

Det har vore ei uvanleg stille laurdagsnatt i Sogn og Fjordane. I staden har politiet kunne konsentrere seg om å ha trafikkontrollar.

Vanlegvis brukar politiet sin logg frå laurdagsnatta å vere lang. Heimkøyring av rusa personar eller opprydding i slåsting og husbråk er ting som ofte får plass på loggen, men natt til søndag er det ingenting av dette på loggen.

Også operasjonsleiaren hos politiet må vedgå at natta har vore uvanleg stille.

Politiet har i staden kunne konsentrere seg om å halde kontrollar rundt omkring i fylket.

Seint laurdag kveld heldt politiet i Sogndal promillekontroll ved Helgheim på riksveg 5 i Sogndal. Her vart det 25 bilførarar som måtte blåse for politiet. Alle kunne reise vidare utan reaksjonar.

I løpet av helga har politiet i Flora sjekka mange bilistar opp mot rus. Totalt er det 63 bilførar som har blitt sjekka for promille, og alle dei som har blitt stogga har hatt alt i orden.

Politiet i Eid har i løpet av natt til søndag hatt kontroll i sentrum av Nordfjordeid. Her vart heile 80 bilførarar stogga for kontroll.

Ein av desse bles raudt og vart teken med til blodprøvetaking. Politiet har meld mannen for køyring av bil i rusa tilstand og mannen kan no vente seg eit oppgjer med lovas lange arm.