Hopp til innhold

Hauststormen herjar i fylket

Det bles no full storm ved Stad og det har vore kraftige regnbyger mange stader i Sogn og Fjordane i dag.

Storm ved Stad

HEFTIG: Når vinden tar sjøen med langt innover land, er det ikkje lett å få opp auga her ute, seier Torfinn Kråkenes.

Foto: Torfinn Kråkenes

På Kråkenes ved Stad har Torfinn Kråkenes vore ute og kjent på vêret. Han seier det bles godt.

– Sidan vinden er frå sør, er det ikkje så synleg at det er mykje sjø, seier han.

Men bølgjene slår veldig innover mot land og han fortel at det har vore ein frisk dag på kysten.

– Eg blei ganske raud i kjakane, men det var ikkje kaldt. Eg trur det har vore om lag 12 grader, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Storm ved Stad

BLES GODT: Linholmen ved Kråkenes fyr, er om lag 35 m høg, og sjøane slo godt innover den i dag.

Foto: Torfinn Kråkenes

Mindre regn onsdag

Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand seier det har vore lokalt mykje nedbør i dag.

– I morgon vil nedbøren minke og det vil bli slutt på dei kraftige bygene, seier ho.

Stein knuste bilpanser

Statens vegvesen seier dei ikkje har fått inn så mange meldingar frå folk ute på vegane. Men fylkesveg 616 er stengd på grunn av rasfare.

Måndag kveld dundra ein stein i panseret på ein bil slik at denne fekk store skader. Elles har det kome inn meldingar om tre som har falle ned i vegen to stader i fylket.

NVE åtvarar om at det kan bli raskt aukande vassføring i mindre vassdrag tysdag kveld og onsdag føremiddag. Det er mykje vann i bakken, og dette kombinert med intens nedbør, gir auka fare for jordskred.