Hopp til innhold

Vurderer å trekkje seg

Arne Johannessen frå Hafslo vurderer å trekkje seg frå vervet som leiar i Politiets Fellesforbund.

Arne Johannessen
Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Han har rett nok sagt ja til attval, men har presisert at det likevel ikkje er sikkert at han held fram.

Johannessen hadde frist til juni med å seie ja eller nei til attval.

– Det sa eg ja til, men eg understreka samstundes at eg kjem til å vurdere å seie at nok er nok. Det har vore nokre tøffe tak siden eg tok til med organisasjonsarbeid på toppnivå i 1988, seier han til Dagsavisen .

Må vere 110 prosent motivert

Johannessen har siden han vart vald som leiar i Politiets Fellesforbund i 2000 blitt attvald samrøystes utan motkandidat. Men han ser ikkje bort frå at det kan vere slutt når årets landsmøte går av stabelen i Molde i november.

– Eg er slik skapt at dersom eg ikke kjenner at eg har 110 prosent motivasjon, så vil det vere uaktuelt å halde fram.

Lensmann i Sogndal igjen?

Han går tilbake til jobb som lensmann i Sogndal dersom han trekkjer seg. Han lovar å gi beskjed om kva han bestemmer seg for i god tid før landsmøtet startar 6. november.

Nestleiar Sigve Bolstad skal ifølgje Dagsavisen ha sagt ja til å ta over som leiar dersom Johannessen trekkjer seg, men han har samstundes sagt klart frå at det ikkje er aktuelt å stille som motkandidat.