Hopp til innhold

Fekk innkallinga til anna kvinne

Då Maria Pedersen i Olden fekk timeinnkalling frå Førde sentralsjukehus i posten låg innkalling til ei anna kvinne med i brevet.

Maria Pedersen

TO BREV I KONVOLUTTEN: Maria Pedersen fekk innkalling både til seg sjølv og ei anna kvinne.

Foto: Arne Vik

Brevet var sendt frå Revmatologisk avdeling på sjukehuset.

– Det kunne ha stått sensitiv informasjon der, seier Pedersen, som synest dette er dårleg arbeid av sjukehuset.

– Det første eg la merke til var at konvolutten var veldig tjukk. Så las eg gjennom brevet mitt. Då eg bladde om såg eg at eg og hadde fått brevet frå ei anna dame.

Innkallinga innheldt namn, adresse og fødselsdato på ei kvinne i Førde som er heilt ukjend for Maria Pedersen.

– Eg synest det er gale at dei sender ut andre sine brev til feil person. Det kunne ha stått litt av kvart der.

Førde Sentralsjukehus

- MENNESKELEG FEIL: Førde Sentralsjukehus beklagar feilsendinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Beklagar feilsendinga

Pedersen las ikkje brevet ferdig då ho skjønte at det var feilsendt. Avdelingssjef Signe Norevik ved Revmatologisk avdeling kallar feilsendinga ein menneskeleg feil.

– Det som kan ha skjedd er at når vi skriv ut desse breva til pasientane, og så skal legge innkallingsbreva i lag med parkeringslappar opp i ein konvolutt, så har innkallinga til ein annan person kome med. Eg vil verkeleg beklage at det har skjedd.

Det skal ikkje ha vore sensitiv informasjon i desse innkallingane. Norevik ber Pedersen ta kontakt med dei.

– Slik at vi kan lære av denne hendinga. Vi har fokus på at når vi har gjort feil så vil vi gjere systema våre betre. Og så må vi få sendt ut innkallinga som låg i brevet i Pedersen til rett kvinne, for ho har truleg ikkje fått innkallinga si.